Lærarstillingar (2012/205 ID nr. 490), Ørsta

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

Lærarstillingar (2012/205 ID nr. 490)

Bedrift Ørsta Kommune

Lærarstillingar i Ørsta kommune skuleåret******Sak nr.2012/205 ID nr. 490I Ørsta kommune vert det frå 01.08.12 ledige stillingar i grunnskulen. Også ved Ørsta opplæringssenter vil det kunne verte ledig stilling. Det vil vere både faste stillingar og vikariatEr du klar for ufordring og utvikling Vi søkjer etter engasjerte lærarar som er tydelege i leiarrolla. Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaklæraransvar. Fleire av skulane er øvingsskular og det pedagogiske personalet der må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentarTilsette ved Ørsta opplæringssenter må vere budde på ettermiddag/ kveldsundervisning. Grunna elevar si deltaking i introduksjonsprogrammet for flyktningar, vil det kunne verte vurdert andre arbeidstidsordningar og dei som skal arbeide i høve desse elevane må ha gyldig sertifikat Saman med utdanning og praksis, vil stabilitet og personlege eigenskapar verte vektlagde Menn vert særskild oppmoda om å søkje Ein søkjer primært etter allmennlærarar, men også andre med godkjent undervisningskompetanse kan ved særskilde fagbehov verte vurderte Referansar vil verte nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til intervjuSpesifiserte fagbehov for kommunen samlaMatematikk, engelsk og norsk - 60 stp. eller meirInnmelde fagbehov frå skulane Hovden skule: Spesialpedagogikk. Kunst og handverk Skulen deltek i SOL - systematisk observasjon av lesingSæbø skule: Engelsk, musikk, kunst- og handverk, matematikk, naturfagBarstadvik skule: Norsk 2- lese og skriveopplæring, kroppsøving/friluftsliv, musikk, matematikk, kunst og handverk Ørsta ungdomsskule: Kunst og handverk (sløyd), spesialpedagogikk, matematikk, naturfag, musikk, engelsk Velle skule: Matematikk, musikkVikemarka skule: Matematikk, naturfag Skulen deltek i SOL-systematisk observasjon av lesing Ørsta opplæringssenter: Spesialpedagogikk (fordjuping til og med emne 5 er ynskjeleg), norsk, engelsk, matematikk, natur og miljøfag, samfunnsfag Vartdal skule: ingen særskilde fagbehov er meldt innDalane skule: ingen særskilde fagbehov er meldt innAndre fagbehov kan verte gjeldande etter interne rokeringar Søkjarane må på søknaden spesifisere ynskt stillingsstorleik, tenestestad og om ein søkjer både fast stilling og vikariat. Søkjarane vert bedne om å gje opp kva fag dei har fordjuping iAktuelle skularBarstadvik skule, Tlf. 70060026Dalane skule, Tlf. 70036152Vikemarka skule, Tlf. 70047700Sæbø skule, Tlf. 70048200Velle skule, Tlf. 70047760Hovden skule, Tlf. ******Ørsta ungdomsskule, Tlf. 70045300Vartdal skule, Tlf. ******Ørsta opplæringssenter, Tlf. 70045840Utlysinga gjeld stillingar som vert ledige fram mot skulestart, og tilsetjing vil skje kontinuerlig i denne periodenDen som vert tilsett må kunne leggje fram gyldig politiattest. Prøvetid i faste stillingar- 6 mnd. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pliktig medlemskap i SPKVi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenke til på heimesida Kontakt servicekontoret dersom du ønskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir Gjer vel å føre opp saksnummer og ID- nummer, dersom du nyttar papirskjema Ein føresetnad for handsaming av søknaden er at kopiar av vitnemål og attestar vert sendt som e-post til ****** eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6150 Ørsta. Ved tilsetting skal det leggast fram rettkjend dokumentasjon Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulert etter tilsetting Om offentlege søkjarlisteI samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga
Skriv ut

Bedrift

Annonsen kommer fra nav.no

Sted

Utdanningsnivå

Universitet/høyskole

Stillingsprosent

- Heltid

ID

1219103

Relaterte annonser